logo
Back

Bygdadyret

Sist på 1900-talet gjekk det føre seg eit intenst avlsarbeid i dei mange små busetningane rundt omkring i landet. Eit av dei meir vellukka prosjekta vart det som i dag går under nemninga Bygdedyret (latin “scepticus introvertus).

I dag finst rasen i alle fylka, men tyngda må seiast vera i Hordaland og Rogaland. Med all til- og fråflytting etter fyrste individ vart registrert, er det i dag mange variantar av rasen.

Dyra er oftast svarte  i pelsen, men ein kan og finna brunraude dyr. Det kan vera stor skilnad i blandinga av svart og raudbrun, alt frå mest svart med kvit stripe over ryggen - til mest heilt brune dyr med nokre raude striper på sidene. Ein har diverre aldri kome til full semje om ein sams rasestandard for bygdedyret. Mange hevdar at dyret skal vera ljost brunt med stort brystparti og korte bakbein som skal gjera ein eventuell retrett meir effektiv. I 2012 vil difor ei forskingsgruppe kartleggja rasen og få til ein nasjonal standard. I det heile er det og ynskjeleg med større kunnskap rundt denne gamle norske rasen. Bygdedyret er vanskeleg å få auga på sidan det har ein sterkt nedarva skepsis mot andre vesen, i serleg grad mot dei som er utettervende. Merk: Bygdedyret kan og skifta ham om det vert truga.

 

Kordan ser bygdadyret egentlig ut?